Jamne år og store sprang

Då Voss Cementvarefabrikk starta i 1956, stod ein midt oppe i det ein trygt kunne kalla den store betongrevolusjonen.

Framleis var tre det mest utbreidde byggjematerialet for småhus, men større bygg vart i all hovudsak reiste i betong. Verksemda vart dermed knytt til utviklinga på byggjemarknaden – i jamn og roleg vekst, men også med periodar då veksten var så stor at det til tider var vanskeleg for ei mindre verksemd å ekspandera nok til å dekkja etterspurnaden. For Voss Cement var utviklinga nokså roleg fram til byrjinga på 1960-talet, i 1964 kom ein for første gong over 1 million i omsetning. Men etter ti år var omsetningen tidobla, og fram til slutten av 1980 heldt auken fram, til ein nærma seg 50 millionar i årsomsetning. Men så kom det store samanbrotet i marknaden, fram til midten av 1990-åra var omsetninga bortimot halvert. Rett nok hadde konjunkturane i landet så smått teke seg opp att, men for Voss Cement kom dei vanskelegaste åra, med underskot som for denne verksemda var svært store. Mange andre i betongbransjen gjekk nedom i desse åra, men Voss Cement og eigarane greidde å ri stormen av, til det kom ein ny snunad ved hundreårsskiftet. Stort sett kan ein seia at omsetninga gjev eit godt bilete av korleis verksemda har greidd seg i medgang – det var mest av det i desse 50 åra – og i motgang. Likevel kom det endå ein revolusjon inn i livet til verksemda, og det var ein revolusjon som ingen hadde rekna med på førehand: overgangen til levering av ferdig betong. Det kunne vera tvil om Voss Cement skulle halda seg til det trygge, å produsera sementvarer, eller om ein skulle kasta seg på den nye marknaden, som kravde store investeringar, først og fremst i transport. Frå ein beskjeden start i 1964, med drygt 700 kubikkmeter, voks det fort til over 10 000 og nådde ein topp på over 16 000 kubikkmeter. I dag ligg produksjonen rundt 10 000 kubikkmeter i året, og av dette går rundt 2 000 til eigen produksjon, resten vert selt. Samanlagt ligg omsetninga i desse 50 åra på rundt 1 milliard kroner!



butikken

Skriv ut