Familien Bjørke

Voss Cementvarefabrikk er bygd opp av familien Bjørke gjennom fire generasjonar.

Drygt ei halv mils veg aust for Vossevangen ligg Bjørkegarden. I dag er han delt i tre bruk. I 1956 var det Nils Bjørke som styrde på bruksnummer 1. Garden var ikkje liten, men ikkje stor heller, målt etter det som var vanleg i Vossebygdene. Rundt 60 mål god innmark hadde han, men det var litt større tilhøve hjå grannane, så det var nok dei som snakka om «Vetle-Bjørke» når dei meinte garden hans Nils. Dei andre bruka vart helst kalla Bortegarden og Nigarden.

Slektene på Bjørke hang saman heilt tilbake til dei eldste tidene, men den næraste slekta for dei tre Bjørkebrørne kan ein nok rekna seg til då Anna
Bjørke, fødd i 1860, gifte seg med Nils Olavson Ygre, fødd i 1861. Dei overtok farsgarden til Anna i 1885, og Nils var typisk for si tid, han var med i heradsstyret og skulestyret, han sat i styret for sokneselskapet, i styret for skoglaget, der han òg var skogplantar, og han var skikkeleg skogmann sjølv, planta ut tusenvis av gran og stelte vel med skogen. Dei to fekk sju born i åra frå 1883 til 1902: Brita, Olav, Sara, Marta, Sigrid, Nils og Anna. Olav tok over som bonde på Ygre, mens Nils gifta seg med Sigrid Olavsdotter Bjørgum og tok over «Vetle-Bjørku». Det er altså den Nils som saman med sonane Olav og Torstein grunnla sanddrift og betongproduksjon på Bjørke og Palmafossen. 

 

 

 

 

 



familien Bjørke
Nils Anna
Familien Spania

Skriv ut