Vangen skal byggast opp

Det som forandra alt var krigen.

 Noko stor næring vart ikkje sanddrifta i Vossebygdene slik med det same. Når eit hus brann, tok dei ut den sanden dei trong når grunnmurar og kjellarar skulle lagast – det var gjerne slik at når det skulle byggjast, streva huseigaren i stille kveldar med å grava ut gropa, så sette han opp forskalinga, og så var det dugnad.

Det skulle mykje folk til om du skulle støypa så raskt at det vart stødig kjellar av det. Sanden på Bjørke sende dei med hest og slede, helst når isen låg trygg. Han kunne nemnt ein ting til: Sand! Og no kan vi dra austover til Bjørke og Bjørkemoen. Her levde Sigrid og Nils Bjørke, med ein barneflokk på fire, ei syster, Åslaug og tre brør, Torstein, Olav og Magne. Nils var ein mann i sin beste alder då krigen slutta. Men han måtte nok vedgå at han var sliten. Før krigen hadde han teke på seg eit verv som korkje nazistar eller tyskarar kunne greia seg utan, han leia forsyningsnemnda. Det var eit slitande arbeid i seg sjølv, og betre vart det ikkje av at altfor lite skulle delast på altfor mange. Framfor alt måtte alle behandlast likt, og det gjorde at han rett som det var måtte seia nei der han helst ville sagt ja. Den harde rasjoneringa slutta ikkje med frigjeringa, Noreg var mellom dei landa som heldt att på det folk gjerne ville ha, for å ha nok til det som måtte gjerast for å atterreisa Det som forandra alt, var krigen. Ikkje berre var tyskarane glupske etter alt som sand heitte, dei trong utrulege mengder til alle forsvarsanlegg som dei sette opp, sand, sement og armeringsjern var det dei måtte ha. Her og der laga dei sine eigne sandtak, som i Matre i Masfjorden, andre stader tvinga eller lokka dei grunneigarane til å opna sandterrassane sine. På Bjørke var det ikkje stort med slik sanddrift. Men det kom tider då krigen var slutt og alt skulle atterreisast.

 Tyskarane hadde bomba Vangen flat i april 1940, og no kom det til  ein viktig kar, arkitekt Leiv Tvilde, som hadde hovudansvaret for nyreguleringa av den avbrende tettstaden. Den nye Vangen skulle verta ein betongby, tida var ute for trehusbyen mellom vatnet og Vosso. Dei greidde det. Ikkje alle var like glade for alle dei treetasjes, prikk like betonghusa som kransa Vangsgata frå Langebrua til kyrkja, men før du var komen midt på 1950-talet, var alle forretningsbrakkene borte, og butikkane var komne inn i gode og moderne lokale. På bilete av Vangen tidleg på 1950-talet kan du sjå at nybygg er komne opp heilt vest for kyrkja! Knapt ti år tok det, og alt mangla dei. Gamleordføraren i Bergen, Knut Tjønneland, sa at i dei åra var politikk eit spørsmål om betong, tre, glas og vassklosett, ikkje ideologi. landet, og like viktig: Ta att alt det som ikkje var gjort i dei tunge åra mellom krigane. Så arbeidet med forsyningsnemnda kom til å strekkja seg fleire år inni etterkrigstida. Det er ikkje lett å få eit godt ettermæle når arbeidet er å vera streng og rettferdig, men Nils vann respekt for det han gjorde. Det er mange som meinte at det var han å takka at Vossaskogen overlevde krigen, tyskarane var like glupske etter tømmer som sand, og det kunne lett vorte til at Voss hadde vore ei skoglaus bygd etter krigen om tyskarane hadde fått herja med snauhogst som dei ville. Sement måtte dei henta seg andre stader frå då atterreisinga tok til, og sement var så hardt rasjonert at dei gjerne måtte ta ein tur til Oslo for å godsnakka med vrange byråkratar, dei som skulle i gang med bygg i betong. For det magiske ordet i dei åra var «løyve», og løyve var det berre strenge byråkratar som kunne gje. Det gode for Voss var at tettstaden kom i den gruppa som dei kalla «brente steders gjenreisning», det gav prioritet i dei endelause køane.


Skriv ut