Butikken

Butikken er åpen mandag til fredag kl. 07.00 - 16.00

Stålhallen er åpen mandag til fredag kl. 07.00 - 15.00

Butikk, fabrikk og lager ligg på Palmafossen i Voss kommune, og me leverer til nærområdet vårt, som er Hardanger, Vaksdal og Sogn

Frå butikken omset me dei fleste handelsvarer til bruk i entrepenør- og bygningsbransjen. Bønder, hus- og hytteeigarar finn her det meste dei treng til store og små byggjeoppgåver.

Ta gjerne med teikningar og ynskje, så gjev me deg pristilbod og forslag til løysingar.

Handelsvarer

Butikken vår på Palmafossen kan levera dei fleste varene du treng til grunn-, betong-, og murarbeid.  Me er og forhandlar av borestål, sprengstoff, og rekvisita til sprengingsarbeid. 

Til støypearbeidet kan me levera isolasjon, forskalingsmatriell og armeringsstål i heile lengder, eller kappa og bøygd etter liste.

Til muring har me Leca, sement, teglstein, ferdigmørtel m.m.

Støypejerngods til kummar, plastrøyr til drenering og stikkrenner, isolasjon til ei rekkje områder, spikar, boltar, verktøy og reiskapar - alt dette vil du finna i vårt sortiment.

Me har også eit rikhaldig utval av stein til uteareal, så som belegningsstein, kantstein, heller, granitt og støttemurstein i mange variantar.

Betongvarer

Me produserer dei fleste typar røyr og kumdelar til drenasje- og avløpsformål, og føretek kjerneboring og innsetjing av pakningar og røyrgjennomføringar i kummar. Me støyper også renneløp i kummar for spillvatn og fundament til armatur i vassleidningskummar.
Hjå oss får du rettleiing til planlegging av røyr og kumsystem.
Vidare produserar me kantstein, drenasje- og kabelkanalar, sandfangkasser, og ellers ulike spesialvarer etter ynskje frå kunden.
 



butikken



Skriv ut