Info
Åpningstider for Sandtak og betongblanderi er mandag - fredag kl. 07.00 - 15.00
Betongblanderi Tlf 46 41 29 31
Frå vårt eige datastyrde blandeverk på Bjørke, leverar me ferdigbetong i alle miljø- og fastheitsklassar, frå B15 til B65. Me kan også levera farga betong og spesialbetong til dei fleste føremål. Me har 4 trommelbilar, ein 15 m bandbil med trommel, og ein pumpebil m/41m pumpe, som syter for levering rett i forskalinga. Me har godkjenning frå "Kontrollrådet for betongprodukter" for levering i klasse "A1 utvida kontroll". B, C, og D. Dette sikrar at kunden får produkt som tilfredstiller Norsk Standard og andre gjeldane reglar.
Som medlem i Norsk fabrikkbetongforening er me til ei kvar tid fagleg oppdaterte
Transport av ferdigbetong eksternt vil i all hovudsak føregå frå Bjørke, men me vil framleis ha blandeverket på Voss Cement som backup, og blanding til produksjon av elment og kommunalvarer.
For dei som ynskjer å henta betong sjølve, vil det verta på Voss Cement etter avtale.
Grus og Pukk
Frå eige sandtak på Bjørke leverer me støypesand, kabelsand, filtersand, veggrus, fyllmasse, pukk og singel.
Du kan sjølv henta, eller me transporterar for deg.
Sand i mindre mengder til støyping, kan du også få ved butikken vår på Palmafossen. Her har me også strøsand i lausvekt eller sekker, både småsekk og big-bag for m.a. helikoptertransport
